Posted tagged ‘personnavn’

Namn i det fleirspråklege Noreg

desember 6, 2017

namn-i-det-fleirspraklege-noregDei fleste artiklane i denne boka gjer greie for stadnamn og personnamn brukte av språklege minoritetar i Noreg, bl.a. samar, kvenar og romanifolket («taterar»). Ein artikkel tar for seg personnamn blant nyare innvandrarar. Har dei tatt vare på sin eigen namneskikk eller har dei tilpassa seg norsk namneskikk? Boka inneheld også ein artikkel om namn på teiknspråk og ein artikkel om utanlandsk påverknad på fornamna i Noreg. Gulbrand Alhaug og Aud-Kirsti Pedersen er redaktører.

ISBN: 9788270997756. Novus, 2015. 363 s. Innb. 345.- (kan kjøpes fra blant andre Biblioteksentralen, Adlibris og haugenbok)

Reklamer